Detaljregulering for del av gnr 62 bnr 1 Brokke (B4)

VARSEL OM IGANGSETTING AV PLANARBEID

Det varslast med dette at nevnte område skal takast opp til regulering i medhald av plan- og bygningslovens (pbl) § 12-8. Området skal detaljregulerast jf. pbl § 12-3. Planarbeidet er vurdert etter forskrift om konsekvensutredning. Valle kommune har konkludert med at planarbeidet ikkje utløyser krav om konsekvensutredning etter forskriften, pbl § 12-3 tredje ledd, jf § 4-2. Det varslast samtidig oppstart av forhandlinger om utbyggingsavtale i samsvar med pbl § 17-4.

Føremålet med planlegginga
Føremålet med planlegginga er å legge til rette for nye ca 22 nye boligtomter og vegar innafor område avsatt til boligformål B4 i kommuneplanens arealdel.  

Planområde
Område der det planleggjast nye boligtomter ligg på eigedomen med gnr 62 bnr 1. Tilkomstvegen til boligfeltet vil gå frå vegen «Brokke grendefelt», og gjennom gnr 62 bnr 79. Planområdet grenser inntil eksisterende reguleringsplan for Brokke Grendefelt.

Planområde er avgrensa som vist på vedlagte kart. Område er på ca 62 daa og omfattar eigedomen gnr/bnr 62/1, og litt av gnr 62/79 der tilkomsten til boligfeltet skal ligge.

Tiltakshavar
Tiltakshavar er Svenn Magne Brokke. Stærk & Co. a.s. er ansvarleg for planlegginga.

Merknadar til melding om oppstart
Evt spørsmål kan rettast til Erling I Aas, tlf 91547813, e-post eia@staerk.no. Merknadar til planarbeidet skal sendast til: eia@staerk.no, Stærk & Co. a.s., Havnegaten 1, 4836 Arendal Med kopi til: post@valle.kommune.no, Valle Kommune, Postboks 4, 4747 Valle

Vidare saksgang
Etter at meldingsfristen er ute vil merknadar og innspel bli vurdert. Sjølve planforslaget vil så bli utarbeidd og oversendt kommunen for sakshandsaming. Etter fyrste handsaming i kommunen vil reguleringsplanen bli lagt ut til offentleg ettersyn og det vil bli høve til å kome med merknadar og motsegn mot planforslaget før vidare politisk handsaming.

Frist for merknadar: 20.10.2017

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Stærk & Co as / Havnegaten 1, 4836 Arendal / Tlf: 37 00 57 50 / E-post: post@staerk.no