Detaljregulering for masseuttak Sandeid, Vindafjord kommune

VARSEL OM OPPSTART AV PLANARBEID
 

I samsvar med plan- og bygningslova (pbl) § 12-8 kunngjer Stærk & co as oppstart av arbeid med reguleringsplan for masseuttak på Sandeid i Vindafjord kommune. Området skal detaljregulerast jf. pbl § 12-3.

Målet med planlegginga
Målet med planarbeidet er å legge til rette for uttak av sand og grus, samt ei mindre utviding av industriområdet aust for Ølen Betong.

Planområdet
Avgrensing av planområdet er vist på vedlagte kart og i fig. 1. Planområdet er større enn planlagt uttaksområde. Eksakt størrelse på uttaksområdet vil bli avklart i planprosessen. Planområdet har tilkomstveg frå fv. 46 Saudavegen i sør.

Planområdet er på ca. 127 dekar og omfattar heile eller delar av fleire eigedomar:
 

GNR

BNR

25

1, 3, 7, 8

26

2, 6, 13, 18, 19, 26, 33, 35, 37, 38, 39, 41, 43

Uttaksvolumet er grovt berekna til 1 200 000 m3 og omfattar om lag 40 dekar.

Området er dels sett av til råstoffutvinning, dels næring, LNF, bustad og friområde i kommuneplanen sin arealdel – se fig. 1. Arealet er og omfatta av omsynssone skred, flaum og støy (frå fylkesvegen). Delar av arealet omfattast av «reguleringsplan for sandtaket i Sandeid» frå 27.03.01 og er regulert til industri og  friluftsområde. Delar av vegen og bustadområdet sør for Ølen Betong er regulert til trafikkområde, turveg, fellesområde leik og bustadområde i «reguleringsplan for området aust for Østbøelva» av 15.01.73.

Uttak av masser planleggast innanfor områda som er sett av til næring og råstoffutvinning. Det er aktuelt med nokon mindre endringar for å få eit uttak som er betre tilpassa landskapet og som gjev eit betre arrondert jordbruksareal etter uttak. Planlegginga er i hovudsak i samsvar med overordna plan.

Planen og tiltaket er vurdert i forhold til forskrift om konsekvensutredninger. Planen kommer ikkje inn under §§ 6 og 7 om planar som alltid skal ha konsekvensutgreiing, til det er uttaket for lite i areal og volum, jf. krav i vedlegg I pkt. 19 (minst 200 daa og/eller 2 millioner m3 masse). Planen krev konsekvensutgreiing iht. føresegn §1-12 a) i kommuneplanen, jf. også § 8 i forskrift om konsekvensutredninger. I oppstartsmøte med kommunen er det konkludert med at det er ikkje er behov for planprogram jf. § 8 i forskrift om konsekvensutredninger. Temaene landskap, forureining (støv, støy, avrenning) og trafikk (som er dei temaene som er vurdert å ha størst negativ konsekvens i konsekvensutgreiinga til kommuneplanen) er vurdert å kreve konsekvensutgreiing. Det er ikkje vurdert å være behov for konsekvensutgreiing av jordbruksstemaet då jordbruksarealet bare midlertidig vil gå ut av drift. Midlertidig tap av jordbruksareal skal vurderast opp mot verdien av uttak av georessurser. Andre tema som skal omtalast i planarbeidet er kulturminne, naturmiljø, friluftsliv, barn og unges bruk. Konsekvens og avbøtande tiltak skal omtalast i planskildringa.


Fig. 1. Utsnitt av kommuneplanens arealdel. Forslag til planavgrensning er vist med blått. Næringsområde er vist med lilla,område for råstoffutvinning er vist med rød-brun (lys og mørk). Lys grønt er LNF-område, mørk grønt er friområde.

Forslagsstillar
Forslagsstillar er Ølen Betong AS. Stærk & Co. as. er ansvarleg for planlegginga.

Merknader til oppstartsmeldinga
Innspel til planarbeidet sendast skriftleg til Stærk & Co. as, Havnegaten 1, 4836 Arendal innan 29.06.2018. Spørsmål til planarbeidet kan rettast til Stærk & Co.as, v/ Turid Hagelia Korshavn tlf.
37 00 57 65, e-post: thk@staerk.no
 




 

 

 

 

Stærk & Co as / Havnegaten 1, 4836 Arendal / Tlf: 37 00 57 50 / E-post: post@staerk.no